Dei er mellom Norges, og til og med verdas beste idrettsutøvarar, men også store førebilete for born og unge. Det er det fleire som set pris på. Det landsdekkjande førebyggjande prosjektet - Idrett Uten Alkohol, «samlar på» gode førebilete innan idretten. Prosjektet er støtta av Helsedirektoratet for å drive førebyggjande arbeid for at idretten skal vera ein fristad frå alkoholen, spesielt der born og unge ferdes.
– Vi tenkjer at nokre soner skal vera alkoholfrie, og Idretten bør vera ein av desse. Nesten kvart tiande barn i Norge har minst ein forelder som slit med Alkohol. I eit idrettslag veit ein sjeldan kven desse borna er. Idrett Utan Alkohol arbeidar difor for at borneidretten skal vera ein trygg stad – også utanfor bana.
– I Norge er det brei semje i at borneidretten bør vera alkoholfri, men den er dessverre ikkje alltid det, fortel prosjektleiar Gro Anette Fanebust.
DEI BESTE MED PÅ LAGET
Prosjektet under organisasjonen Edru Livsstil arbeidar også for å nå dei som ikkje er i organisert idrett. Difor er Fanebust svært glad for samarbeidet med KnarvikMila gjennom fleire år.
Nesten kvart tiande barn i Norge har minst ein forelder som slit med Alkohol.
– Idrett Utan Alkohol retter seg mot alle idrettslag på grunnplanet og vidare oppover i systemet. Vi arbeider bevisst opp mot store nasjonale idrettsarrangement, så vel som mindre lokale. Målet med aktivitetsprogrammet er rusgiftførebygging, samt å forsterka eksisterande rusgiftrestriktive standpunkt, som stadig vert utfordra innan idretten, seier Fanebust.
For å nå fram med bodskapen sin er, prosjektet avhengig av gode førebilete. Med seg på laget har Idrett Utan Alkohol ei rekkje idrettsutøvararar som konkurrerer i toppen både nasjonalt og internasjonalt.
SATSAR MOT VM
Ein av dei er tikjempar og Norgesmeister i mangekamp Martin Roe, som satsar for fullt mot VM i London, og mot OL 2020. 24-åringen trener meir enn 30 timar i veka, samstundes som han har jobb på sportsbutikk. Martin Roe kom på 11. plass i EM i friidrett i Nederland i juli i fjor. Her sette han personlig rekord både i lengde og diskoskast i løpet av meisterskapet. I februar blei Martin Roe Noregsmeister i sjukamp inne med 5690 poeng. Han har persa i fleire greiner det siste året, noko som tyder på at han er i sitt livs form. Så er han også meir motivert enn på lenge.
MOTIVERT
– Eg var veldig godt nøgd med 11-plassen i EM, den gav virkelig motivasjon til å satsa vidare, fortel 24-åringen, som byrja med friidrett i ung alder. Frå han var seks år har han trent friidrett, etter at foreldra, som også er trenarane hans, tidlig oppdaga at Martin hadde et heilt spesielt talent for friidrett. Roe har valt å vera idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol, og synes det er viktig å arbeida for en alkoholfri og inkluderande idrettskultur.
– Eg vel idrett utan alkohol rett og slett fordi eg legg ned så mykje tid og krefter i treninga mi og i idretten, og dette vil eg ha mest mogleg utteljing for. Alkohol set meg kun tilbake, seier Roe.
TIL OL I 2020
Også diskoskastar Sven Martin Skagestad er med på laget til Idrett Utan Alkohol. Han vart kåra til fylkets største talent i 2014, vart Nordisk meister i kule og diskos i 2014, og kasta seg til en 13. plass i OL i 2016. 22åringen frå Godvik har alt klart kvalifiseringskrava både til VM i år og til OL i 2020.
– Det er min store draum å stå på toppen av pallen i dei Olympiske Leikane, og eg kjem til å gjera alt som skal til for at dette skal realiserast, seier Skagestad, som nyleg var på treningsleir i Portugal for å finpussa forma.
Også supersprintar Salum Kashafali er Idrettsambassadør for Idrett Utan Alkohol. Han er Norgesmeister på 60meter, og tok 5. plass i Nordisk Meisterskap i 2015.
– Det er utruleg dyktige idrettsutøvarar vi har med oss når vi er ute og frontar rusgiftfri idrett, og det er vi stolte av, seier Gro Anette Fanebust.
STOR PÅVERKNADSKRAFT
– Gode førebilete har stor påverknadskraft ovanfor born og unge. Difor er vi glade for å ha desse toppidrettsutøvarane med oss på laget, som marknadsfører ein alkoholfri idrett og sunn livsstil ovanfor born og unge, seier Fanebust. Ho fortel at prosjektet Idrett Utan Alkohol i alt har 11 idrettsutøvarar i sin «stall».
– Desse marknadsfører ein sunn livsstil i høve til born og unge både på idrettsarrangement, i media, sosiale media og elles i lokale klubbar og idrettslag. Vi trur det er viktig å forsterka eksisterande rusgiftrestriktive standpunkt som stadig vert utfordra i idretten, avsluttar Fanebust.