Positiv rus
Rusen er ei kjensle av høgd sinnsstemning (ofte kalla "eufori"), ei forsterking av kjensler, ei oppleving av meir og mindre intens spenning, eller ei mer eller mindre diffus kjensle av fysisk og psykisk velvære, av harmoni mellom sjel, kropp og omgjevnader. Folk har til alle tider trakta etter slike positive opplevingar, "rus".
Ekte og falske rusmiddel
Rusmiddel er dei midla vi bruker for å oppnå slike rusopplevingar. Men vi kan skilje mellom ekte og falske rusmiddel, mellom positiv sansestimulering og kjemikal, rusgifter. Les inne i brosjyren om korleis rusgiftbruk står i motsetning til ekte rusopplevingar.
Rusgifter og HIV-AIDS
Rusgiftbruk har i dag fått noko å seie på ein ny måte. Vi kjenner no til at HIV-viruset spreier seg på måtar som også har samanheng med bruk av narkotika og alkohol. Les meir om dette inne i brosjyren.
Miljøvern og rusgifter
Mange menneske er svært opptekne av å redde Noreg og verda frå industriforsøpling, nedbryting av ozon-laget, rovdrift på naturressursane, atomulykker og andre former for norsk og internasjonal miljø-øydelegging. Kva for rolle speler rusgiftene i forureininga av det fysiske og sosiale miljøet vårt? Og kva for rolle speler dei for folks engasjement i kampen for miljøvern og internasjonal solidaritet? Les meir om dette inne i brosjyren.
"Alle menneske treng å narkotisere seg,
for slik er livet.
Det er kva ein narkotiserer seg med,
som gjer den store skilnaden."
Vilhelm Ekelund
Svensk diktar.
Positive rusopplevingar
Det som kjenneteiknar positive rusopplevingar, er at dei oppstår i samband med ein eller annan aktivitet, og/eller i samspel med andre menneske. Vi menneske er ulike, og det er rusopplevingane våre òg. Men den som snakkar med fjellklatrarar, fallskjermhopparar, windsurfarar eller korfor ikkje ungdom som er bitne av skateboard-basillen, vil få høyre om den intense kjensla av spenning og frigjering som kan oppstå mens aktiviteten går for seg, for ikkje å snakke om den enorme lykkekjensla som oppstår når ein har "klart det". Andre aktivitetar som har med fart og spenning å gjere, kan også vere slike positive rusmiddel. Mange av oss vil kjenne igjen den kollektive rusen som kan komme opp på ein rocke-konsert eller under ein fotballkamp. Men også utøvarane, anten det er eit godt rockeband eller t.d. eit fotball- eller handball-lag, får naturlegvis ei rusoppleving når dei i same følgd kjenner at dei gjer ein god innsats og har kontakt med publikum, og når dei vinn. Vi har alle sett dei gledesscenane som kan komme opp etter OL-medaljar, cupfinale-sigrar o.l.
Mindre veldige rusformer
Men ein kan også få mindre veldige former for rusoppleving, som ei følgd av at ein høyrer ei plate med god musikk, ser ein sterk film eller kjenner samhøyr, varme og vennskap overfor dei menneska ein i augeblinken er saman med.
Dei fleste veit også at forelskingsrusen er svært sterk, for ikkje å snakke om sexrusen (med kunnskap, kjærleik og kondom), men også den rusen som oppstår gjennom dans og annan kroppsutfalding.
Naturoppleving, kunstoppleving, skaparglede og sigersrus er også nokre av dei tallause positive rusopplevingane menneske kan ha.
Sams for alle slike rusmiddel er at dei verkar utafrå, men gjennom oss, tek i bruk den kjerna av sanseapparat, nervar og kjensler som finst inni oss. Som Marie Bergmann syng: "Ljuset finns innom dig." Noko som skal til for at rusopplevingane skal bli så fullkomne som mogleg, at dei positive rusmidla skal få kunne verke maksimalt, er at den indre kjerna vår er fullt mottakeleg, at sansane våre er skjerpa, at hjernen vår er fri og ikkje full av kjemikal.
Kjemikalisering av menneska sine rusbehov
Det finst éin type rusmiddel som ikkje gir ekte rusopplevingar. Bruken av desse rusmidla gir deg ei kjensle av å vere med på noko, utan at du er det. Dei framsteller røyndommen vi lever i, i eit roseraudt skjær, utan at han er det minste roseraud. Dei bedøver sanseapparatet, forgiftar og skader kroppen og nervesystemet, skaper uvennskap mellom folk som har sams interesser, er opphav til mange skadar og ulykker der både dei som er påverka av dei og andre kan bli innblanda, og gjer ofte at brukarane får bakrus og kjenner seg uvel. I tillegg skaper dei avhengnad og gjer mange brukarar passive, sløve og ufrie. Derfor kallar vi desse stoffa - alkohol, narkotika, nerveroande medikament og sniffemiddel - med ei samnemning for rusgifter. Desse rusgiftene forureinar folks kropp og helse, det sosiale miljøet og evna til naturleg samhøyre og vennskap. Bruken av dei svekkjer dermed også evna vår til å oppleve ekte rus, dei undertrykkjer sanseevna og spontaniteten vår.
Forbundet Mot Rusgift vil kjempe mot den kjemikaliseringa av menneska sine behov for rusopplevingar som desse falske rusmidla, rusgiftene, står for. Vi vil kjempe mot undertrykkinga av folks tilgang til ekte rus, og vi vil kjempe mot undertrykkjarane, dei som tener pengar på produksjon og spreiing av rusgifter. For å få framgang i dette må vi bli mange. Blir du med? Ta kontakt med Forbundet Mot Rusgift.
HIV-AIDS, rusgifter og førebygging
Smittemåtar
Grovt sett er det berre to aktuelle måtar å bli smitta med HIV-virus på, gjennom ubeskytta seksuell kontakt og gjennom bruk av smitteførande injeksjonsnåler. Smitte ved blodoverføring skjer ikkje lenger i Noreg p.g.a. gode kontrollmetodar. Ungar kan likevel bli smitta før/under fødselen, dersom mora er smitta.
Risikogrupper?
Tidlegare har ein rekna intravenøse narkotikabrukarar og bifile/homofile menn som særleg utsette. Dette gjeld framleis. Men av dei som har blitt HIV-smitta i Noreg i 1989 og første halvår 1990, er ca. 1/3 smitta ved heteroseksuell omgang (seksuell kontakt mellom menneske av motsett kjønn). Dette vil seie at også grupper som hittil ikkje har vori sett i samanheng med stor smitterisiko, må opptre forsiktig og ansvarleg. Kjønnssjukdommar blir ofte overførte under påverknad av alkohol. Fakta viser at førebyggjande arbeid mot HIV-AIDS og kravet om ansvar og omtanke for å unngå smittespreiing no må gjelde alle, uavhengig av seksuell legning eller type av rusgift som blir brukt.
Narkotika og førebyggjande arbeid retta mot risikogrupper
Når det gjeld å førebyggje HIV-smitte i samband med narkotikabruk, har ein i Noreg samla seg mye om å hindre at stoffbrukarar deler sprøyter. Dette er ein viktig strategi, så lenge ein også kombinerer sprøyteutdeling med tilbod om kontakt og hjelp. Men Forbundet Mot Rusgift har teki avstand frå utplassering av sprøyteautomatar.
Likeleis vil institusjonstilbod og andre hjelpetilbod for stoffbrukarar som treng behandling, kunne verke HIV-førebyggjande. Når vi veit at vi har ca. 3-500 nokolunde brukbare heildøgns institusjonsplassar for stoffavhengige ved midten av 1990, skjønner vi at den førebyggjande effekten av behandlinga er langt mindre enn han kunne ha vori. Statens Institutt for Alkohol- og Narkotikaforskning, SIFA, har i kartlegginga si av omfanget av narkotikabruk i 1990 rekna med 4-5000 aktive sprøytebrukarar. Det samla talet på dei som som nokon gong har eksperimentert med intravenøs narkotikabruk eller er regelmessige sprøytebrukarar, er sett til å vere ca. 10 000. Ein vurderer det dessutan som at 20-25 000 menneske har brukt cannabis på dei siste 14 dagane. Det er likevel gledeleg at bruken av sprøyter i aldergruppene under 20 år er gått ned med 60-70 prosent sia 1984, kanskje eit resultat av at informasjonen mot HIV-AIDS har teki til å verke? Dette vil seie at det totale talet på sprøytebrukarar ikkje aukar like raskt som ein var redd for tidlegare.
Førebygging retta direkte mot narkotikabruk
Sett i eit HIV-perspektiv er det innlysande at det også gjeld å hindre ei generell rekruttering til stoffprøvarane og stoffbrukarane sine rekkjer. Den enkle logikken er: Jo fleire som kjem borti eller bruker aktivt illegale stoff, jo fleire vil også bli sprøytebrukarar og dermed komme i ein utsett posisjon i forhold til HIV. Det gjeld derfor å setje ein stoppar for all spreiing og bruk av illegale rusgifter og motarbeide all aksepterande stoffideologi.
Å hindre at narkotika blir importert og spreidd i Noreg er oppgåva til politiet og tollvesenet. Styresmaktene i Noreg har gått svært langt når det gjeld å kontrollere dette. Etter FMR sitt syn gjeld det no å setje i verk tiltak som kan redusere etterspurnaden, og tiltak som kan stadfeste den avvisande haldninga til ulovlege rusgifter som fleirtalet av ungdommen og folk flest har. Det er derfor grunn til å åtvare mot det at ein no byggjer ned fritidsklubbverksemda mange stader i landet. Det er også grunn til å etterlyse reelle alternative fritidsmiljø der rusgifter ikkje har nokon plass. Frå 1985 til slutten av 1989 er ein tredjedel av fritidsklubbane i landet lagde ned. I staden satsar ein på kommersielle restaurant- og diskomiljø, der alkoholen fløymar og også illegale stoff har sin plass. Politiet har fleire stader gjort narkotikabeslag i eller i tilknyting til restaurantar. Også dei kommunale utekontaktane har vori eit positivt førebyggjande innslag mange stader. Gjennom aktiviteten deira er mange ungdommar som har vori på villspor og stått på kanten til å gli inn i eit stoffmiljø, mange stader blitt tekne vare på og fått hjelp til å komme inn på tryggare grunn igjen. Også ungdommar som har vori på kjøret, har gjennom utekontakten kunna få rettleiing til behandling eller andre hjelpetilbod. Men det oppsøkjande arbeidet er no hardt pressa eller blir truga med nedlegging eller er lagt ned mange stader. FMR er stygt redd for at ønsket mange kommunar har om å spare pengar ved å innskrenke eller leggje ned utekontaktane og fritidsklubbane, og ved å la vere å satse på rusgiftfrie fritidsmiljø, på lengre sikt vil auke tilsiget til belasta sentrumsmiljø, auke narkotikabruken, sprøytebruken, HIV-smitten og talet på AIDS-sjuke og dei som treng omsorg. Dette vil igjen føre med seg drastiske belastningar på helse- og sosialapparatet. Utgiftene vil kanskje bli så store at staten, kommunane og folk flest ikkje vil makte å betale det.
Alkohol, seksualitet, kondom og HIV
HIV-smitte er seksuelt overførbar. Dette stiller endringane i seksualvanane som har gått for seg dei siste 25 åra i eit nytt lys. Vi bør likevel halde fast på at seksualiteten er ei positiv gåve, noko som også helsemyndigheitene har teki utgangspunkt i. Ein har derfor bl.a. satsa på å oppmode til sikrare sex ved hjelp av kondom. Ei undersøking viser at noko fleire ungdommar brukte kondom ved sitt første samleie etter at kampanjane mot HIV-AIDS hadde kommi i gang. 42,3 prosent av eit utval 17- 19-åringar som hadde debutert seksuelt, oppgav i 1988 at dei hadde brukt kondom ved sitt første samleie (Træen og Kraft 1988). At så mange oppgir dette, er oppløftande, men det er framleis meir enn halvparten som ikkje vernar seg på denne måten. 65,3 prosent hadde vori edrue ved same tilfellet. At så mange lèt flaska stå ved eit slikt tilfelle, må ein igjen sjå som [fremskredent] og kanskje betre enn blant ungdom i same aldersklassen for ein generasjon sia. Men 34,7 prosent hadde i 1988 vori alkoholpåverka ved sitt første samleie. Alkoholbruk gjer at det blir meir sannsynleg at ein er uforsiktig og ikkje vernar seg.
Spesielt viktig blir det å sjå på kor stor tendensen til tilfeldig sex (samleie første kvelden ein treffer kvarandre) er, om det er vanleg å bruke kondom i slike tilfelle og kor ofte ein drikk alkohol i samband med slik seksuell risikoåtferd. I den undersøkinga vi har nemnt, oppgav 41,8 prosent av dei som hadde debutert seksuelt, at dei nokon gong hadde hatt samleie med ein person dei møtte for første gong same kvelden som samleiet fann stad. Av desse ungdommane oppgav berre 27,4 prosent av gutane og 23,3 prosent av jentene at dei hadde brukt kondom siste gong dei hadde slik tilfeldig sex. Ved same tilfellet var 83,1 prosent av gutane og 74,4 prosent av jentene alkoholpåverka. Desse tala, saman med alminneleg røynsle og sunn fornuft, fortel oss at alkohol kan vere ein viktig medverkande faktor ved tilfeldig sex og framfor alt ved manglande kondombruk. Ca. 2/3 av dei HIV-smitta nordmennene har blitt smitta under utanlandsturar, til område der det er meir HIV-smitte enn her. Også ungdom reiser mye i utlandet, der alkoholvanane ofte er annleis enn i Noreg, og der nordmenn ofte drikk meir enn dei ville gjort heime. Det er likevel lett å verne seg også i utlandet, ved å unngå tilfeldig sex med partnarar ein ikkje kjenner, ved å bruke kondom og ved å halde seg edru.
Reduser alkoholbruken - førebygg HIV
Den vanvørdslege påstanden vår er at vi kunne førebyggje mye risikabel seksualatferd, mye narkotikabruk og HIV-smitte, dersom vi var villige til å redusere alkoholforbruket. Dette vil naturlegvis ikkje vere nok, på ingen måte. Men FMR er lei av å sjå på at helsemyndigheiter, politi, kommunar og stat og folk flest skyv alkoholpolitikken under teppet. Skal folkehelsa vår, den sosiale velferden vår og HIV-førebyggjande omsyn ha første prioritet? Eller skal den tradisjonelle dobbelthaldninga vår til alkohol gje turistnæringa, hotell- og restaurantnæringa, daglegvarebransjen og andre alkoholnæringar grunn til å juble, mens sals- og skjenketider blir utvida, talet på skjenkestader blir auka, mens fritidsklubbar blir raserte og utekontaktar og andre førebyggjande tiltak blir lagde ned og helsevesenet fortviler? Tida er no inne til å bli klar over at ein aktiv alkoholpolitikk også må bli sett på som ein viktig del av det AIDS-førebyggjande arbeidet.
Miljøvern og alkohol
Er alkoholen viktig nok til å nemne i samband med kampen mot andre miljøgifter og forureiningssymptomer, saman med kampen mot øydelegginga av ozon-laget, utryddinga av regnskogane i verda og ørkenspreiinga? Mange miljøvernorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar for den tredje verda har hittil ikkje teki det opp. Det kan derfor vere grunn til å studere dette nærmare.
3-4 Hiroshima-bomber i Europa årleg
Tenk deg ein bulldosar som kjører natt og dag i 80 km/t med eit bulldosarskjer som er 100 meter breitt. Det er regnskogen som fell. Skremmande. Kva slags bilete skulle vi bruke for å gjere åskodeleg alkoholen og gjere han viktig samanlikna med dette? Kanskje det følgjande: Kvart år dør ca. 200 000 menneske p.g.a. alkohol i Europa. Dette svarer til ei større kjernekraftulykke i eitt av Europas mest tettfolka område, der ein også, på same måten som for den årlege alkoholkatastrofen, vil få over ein million sjuke og skadde. Eller vi kan samanlikne det med verknadene av 3-4 Hiroshima- bomber i Europa kvart år.
Også i Noreg
Også vi nordmenn får vår del. Alkohol kostar det norske folket ca. 50 000 tapte leveår kvart år. Gjennomsnitts levealder for norske menn blir redusert med ca. to år p.g.a. alkoholen. Kvart år dør ca. 1100-1700 nordmenn p.g.a. alkohol. Kvart år har vi ca. 60 000 fylleskadar, 100 000 sjukehusinnleggingar og 700 000 legekonsultasjonar p.g.a. alkohol. Ca. 150 000 menneske har kvart år behov for å tilkalle hjelp på grunn av andres fylleåtferd. Talet på nordmenn som gjennom eitt år har fått øyelagt minst éin hyggeleg kveld på grunn av andres fyll går opp til 764 000 etter ei spørreundersøking frå 1984. Alt dette skjer utan at det blir oppfatta som uroande av f.eks. miljørørsla og utan at massemedia bryr seg om det. Miljørørsla krev blant anna forbod mot kjemiske giftutslepp og giftige tilsetjingar i mat. Ho krev også importvern mot bestrålt og gifthandsama mat. Framifrå. Men kva med alkoholen? Korleis kan vi tolerere den sjølvforureininga som alkoholen fører med seg når vi stiller slike krav som dei vi har nemnt?
Alkohol i 3. verda
Forskarane Walsh og Grant skreiv i 1985: "Den raske veksten i alkoholforbruket i utviklingslanda vil sannsynlegvis etter ei tid bli følgd av ein auke i alkoholrelaterte problem som vil leggje ei veldig kraftig belastning på knappe sosiale og økonomiske ressursar." Forskaren Kortteinen peiker på at den markerte auken i produksjonen av alkohol i 3. verda-land fører med seg at dei i større og større grad blir avhengige av kornimport frå i-landa for å sikre tilførsla av råmateriale til bryggeriindustrien. Verdsutviklinga blir no i stor grad avgjort i den tredje verda. Det er her regnskogane blir øydelagde og ørkenane spreier seg. Det er her befolkningseksplosjonen skyt størst fart. Det er her det vil bli avgjort om dei fattige og undertrykte i verda nokon gong vil kunne kjempe seg fram til ein rettferdig del av verdsgoda og eit betre tilvære. Eit viktig bidrag til å halde oppe fattigdom og undertrykkjarforhold er alkoholen. Spreiinga av den vestlege verda sin alkoholkultur og sine alkoholprodukt er meir enn vanleg handelssamkvem. Det er bidrag til framleis å halde folket i desse landa nede i sløvleik og passivitet.
Rusgiftmotstand
Politikken og verdsutviklinga blir ikkje driven fram av fornuft. Berre dersom ein greier å reise breie grupper i folket til støtte for fornuftige krav, vil dei ha ein sjanse til å få gjennomslag. Ein av dei alvorlegaste hindringane for eit slikt breitt engasjement er den ruskulturen som er utvikla, først og fremst i den vestlege verda, men som i dag er eksportvare også i den tredje verda, med unntak av dei områda der islam har sterkt fotfeste. Han fører med seg ein sterk tendens til røyndomsflukt og passivitet som altfor mange blir fanga inn av, rusgiftpassivisering. Kampen mot spreiing og bruk av alkohol og andre rusgifter er derfor ein viktig del av kampen for miljøvern, sosial rettferd og internasjonal solidaritet. Ein skal altså ikkje kjempe mot alkoholen og andre rusgifter berre fordi dei er miljøgifter, men fordi dei er eit hinder i vegen for ei rekkje folkelege, nasjonale og internasjonale positive formål. Den oppslutninga som kampen mot spreiing og bruk av alkohol har i samfunnet, er ein gradmålar på kor sterkt det er mogleg å mobilisere folk flest til støtte for desse formåla. Det er derfor all grunn til å etterlyse ei større interesse for kampen mot rusgift i tida framover.
Kanskje ein ny giv for miljørørsla blant anna kunne bli dette: "Saman skal vi byggje opp positive, trygge, rusgiftfrie miljø, kjempe tilbake røyndomsflukttenkinga og verne ungane våre, kulturlivet vårt, fritidsmiljøet vårt, økonomien vår og framtida vår mot verknadene frå alkoholen og andre miljøgifter." Er du med på den? Er du medlem av ein miljøvernorganisasjon, ein solidaritetsorganisasjon for den tredje verda eller ein annan stad der miljøvern blir diskutert? Korfor ikkje ta saka opp til diskusjon der, eller i klassen, eller blant venner? Og korfor ikkje ta kontakt med Forbundet Mot Rusgift, ein organisasjon som har sett kampen mot spreiing og bruk av alkohol og narkotika i første rekkje.