Panelordskifte med:
Bente Vindedal, forskar ved AIM ResearchBasedConsulting
Jon Storaas, leiar i RIO - Rusmisbrukernes Interesseorganisasjon
Lise Aasmundstad, nestleiar i LAR-Nett, metadonbrukar
Mogleg representant frå MAR-Øst (Medikament Assistert Rehabilitering ved Helse Øst)
No har det kome to evalueringsrapportar om lækjemiddelassistert
rehabilitering og metadon. Båe rapportane var tinga av Sosial- og
Helsedirektoratet. Rapporten frå AIM viser at talet på overdosar mellom
deltakarane har minka. Høgterskelmodellen er vellukka. Likevel er det
tydeleg at rehabiliteringsfasen bør få betre resultat. Det er òg store
regionale skilnader. Sume kallar metadon eit tvieggja sverd. For to år
sidan viste Folkehelseinstituttet til at ved 104 dødsdall i Noreg var
det påvist metadon i blodprøva.
Metadon er eit syntetisk opioid som minkar suget etter heroin. Heroin i
normale dosar vil ha mindre effekt. Metadon gjev liten eller ingen
rusverknad etter innstillingsfasen. Det kan likevel vera fåre for
overdose når metadon vert omsett på den illegale marknaden.
Personar som går på metadon, kan få etter måten kraftige og langvarige
abstinensar når dei skal venja seg av med bruken av dette stoffet.
Hjernen tilpassar seg inntak av rusgifter gjennom det dei kallar
neuroadaptasjon. Det kan skapa nytt sug når ein person er avgifta og
løysa ut attendefall hjå stoffavhengige som freistar leva eit
stoff-fritt liv. Regjeringa har satsa ein del på lækjemiddelassistert
rehabilitering og sette i 2004 av 30 millionar kroner til å skipa 85
nye tiltaksplassar i arbeidsmarknadstiltak.
Men er metadon eit vedundermiddel som løyser heroin-problemet? Finst det alternativ?
Du kan lese eit referat frå møtet her
.