I høve 100-årsjubileet for unionsoppløysinga i 1905, er det fleire som set situasjonen for dei frivillige organisasjonane på dagsorden. Det er svært positivt. Då er det samtidig og grunn til å minne om den sentrale rolla edruskapsorganisasjonane har spela i demokratiutviklinga i landet.
Ei folkerørsle
For 100 år sidan var edruskapsrørsla den største folkerørsla i landet, og det var ei rørsle i kraftig vekst, både samla sett og i mangfold, med ca 250 000 medlemmar rundt 1920. I rørsla var Det norske totalavholdsselskap (DNT) og IOGT (Den internasjonale godtemplarordenen) dei største organisasjonane, inspirert frå USA og England, og etablerte i Noreg i 1859 og 1878. Måteholdsrørsla på 1840-talet, og seinare totalavholdsrørsla, kom til i tidleg fase av organisasjonsveksten i landet, saman med dei kristne organisasjonane (jf misjons-organisasjonane), fagrørsla og dei politiske partia (frå 1870-80-talet) og norskdomsrørsla (m.a. ungdomslaga og målrørsla). Edruskapsrørsla fekk sterk framgang frå 1880-talet, då det også vart etablert god kontakt mellom edruskapsrørsla og dei kristne organisasjonane. Og rundt 1900 kom fleire nye edruskapsorganisasjonar, t.d. Norsk Jernbane-Avholdsforbund (1893), Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund (NSUA) frå 1904 og Blå Kors frå 1906.
Kvinnesak
Ei viktig årsak til framgangen for edruskapsorganisasjonane var koplinga til krava om større rettar for kvinnene. På 1880-talet kom dei første kvinnesaksforeiningane, og det var stor strid i DNT om kvinnene kunne ha sentrale tillitsverv i organisasjonen. Striden førte m. a. til at sterke kvinner marsjerte ut og danna Norske Kvinners Totalavholdsselskap, som vi i dag kjenner under namnet Kvite Band, og som også er del av ein internasjonal organisasjon, stifta i USA. Kvinner som Ida Wedel Jarlsberg og Elisabeth Edland markerte seg sterkt i samfunnsdebatten mot prostitusjon og for edruskap. I striden om brennevinssamlaga på 1890-talet fekk kvinnene for første gang stemmerett, og det var eit sterkt strategisk grep frå den sentrale venstrepolitikaren og edruskapsleiaren Sven Aarrestad for å gje større tyngde til dei restriktive kreftene i kampen om alkoholen. Det var kvinnene og barna som i særleg grad vart ramma når alkoholen hadde stort rom i arbeidslivet og i lokalsamfunna. I lange periodar har kvinnene utgjort fleirtalet av dei vaksne medlemmane i edruskapsrørsla.
Arbeidarrørsla
Også arbeidarrørsla såg at alkoholen var ei hindring for vekst og framgang for arbeidarane. "En tenkende arbeider drikker ikke, en drikkende arbeider tenker ikke", heitte det fyndig i parolar, og det vart også stifta spesielle avholdsorganisasjonar innanfor arbeidarrørsla. I tida rundt 1905 arbeidde både edruskapsrørsla og store delar av arbeidarrørsla og dei kristne organisasjonane for å fremme edruskap i befolkninga. På samme måte som regjeringa i dag i si nettopp framlagte utviklingsmelding om barn og unge i sør peikar på rusproblema som ei vesentleg hindring for helse, utvikling og velstand, fungerte kampen mot alkoholen og for edruskapen i Norge rundt 1905. Kampen var ikkje eit mål i seg sjølv, men eit viktig virkemiddel for både sosial, økonomisk og demokratisk framgang i landet.
Skole i organisasjonsarbeid
I mellomkrigsåra og lenge etter siste krig vart det sagt at edruskapsrørsla var overrepresentert i styre og stell, både i kommunestyre og på Stortinget. Og det er ingen tvil om at svært mange sentrale norske politikarar har hatt sin bakgrunn i eller tilknytning til edruskapsrørsla, slike som t.d. Oscar Nissen, Sven Aarrestad, Martin Tranmæl, Jakob Pettersen, Bergfrid Fjose og Guttorm Hansen. På det meste var t.d. over halvparten av stortingspolitikarane medlemmer av Stortingets Avholdsgruppe. Men det heng sjølvsagt først og fremst saman med at aktivt medlemsskap i edruskapsrørsla samtidig også var ein svært god skole i demokrati. Det var ein skole i vanleg organisasjonsarbeid med taleteknikk, møteleiing, referatskriving, voterings-reglar etc, og samtidig også ei skolering i og oppfordring til engasjement og ansvar i viktige samfunnsspørsmål. I tillegg har edruskapsrørsla heile tida vore ei kulturrørsle, med stor vekt på studie- og skoleringsarbeid, kulturaktivitetar (t.d. sang, musikk, litteratur , teater), barne- og ungdomsarbeid, etablering av rusomsorg, og drift av rusfrie møte- og samlingsstader (møtelokale, hytter, kafear, campingplasser etc).
Pusteproblem
Det frivillige organisasjonslivet synest i dag å bli høgare verdsett igjen - samtidig som vi ser at store delar av dei frivillige organisasjonane - og med det demokratiet - har "pusteproblem." Det rammar oss alle om dei frivillige og demokratiske organisasjonane, innanfor t.d. helse og omsorg, barne- og ungdomsarbeid, kultur eller politikk, ikkje greier konkurrere med t.d. vinklubbane eller supporterklubbane for ulike fotballag, og dei politiske partia berre rekrutterer "broilarar" som er dyrka fram innanfor eige parti. Dei frivillige organisasjonane skal ikkje vere handtlangarar for nærsynte politikarar og fattige rådmenn, men samle og utvikle interesserte samfunnsborgarar som har "kollektiv forstand" og ser verdien både for seg sjølv og fellesskapet av å bidra med supplerande eller alternative synspunkt til trygge, livsglade, berekraftige og fargerike lokalsamfunn. I den samanhengen er rusmidla - både alkohol og narkotika - i stor grad sløvande, passiviserande og øydeleggande. Det er ikkje noko godt teikn korkje for samfunnet generelt eller for demokratiet at rusmiddel-tilgangen og rusmiddelbruken i Norge aldri har vore så stor dei siste 100 åra som han er i dag.
Det er elles oppsiktsvekkande korleis nyare historieskriving gløymer eller underslår den sentrale rolla edruskapsrørsla har spela i norsk samfunnsutvikling dei siste 150 åra. I storverket "De nasjonale strateger" av Rune Slagstad er t.d. Sven Aarrestad ikkje i det heile nemnt, enda han m.a. var stortingsmann, statsråd, medstiftar av Norsk Lærerlag, av Norsk Landmandsforbund (Bondelaget), av Noregs Mållag og leiar av Det norske totalavholds-selskap 1887-1927 og av Avholdsfolkets Landsnemnd 1895-1912. Heller ikkje i verka "Det litterære skattkammer" (1997) av Ottar Grepstad (om sakprosaens teori eller retorikk) eller "Norsk Litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995" (2 store bind, av Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen) er Sven Aarrestad nemnt, enda han m.a. var redaktør av DNT-medlemsbladet "Menneskevennen" i fleire periodar, og gav ut ei lang rekke debattbøker, artikkelsamlingar og biografiar.

 

Du kan óg lese denne artikkelen i Sunnmørsposten.